Salsvilkår
Her finn du generelle betingelsar for bestillingar og vilkår for betaling hjå
Henjatunet Eggjagarden AS. Nøl ikkje med å ta kontakt med oss på telefon
415 11 774, eller e-post post@henjatunet.no om du har spørsmål.
Betingelsane gjeld alle reservasjonar hjå oss, inkludert bookingar gjort via våre heimesider og bookingar som gjort via tredjepart.
1. PARTANE
Selgar er Henjatunet Eggjagarden AS, Adresse Henjavegen 40, N-6863 Leikanger, post@henjatunet.no, +47 41 51 17 74, org. nr. 978 655 874.
Kjøpar er den forbrukaren som foretar bestillingen, og betegnes i det følgjande som kjøparen/gjesten.
2. BESTILLING
Antal personar, pris, produkt og tenester som skal leverast av Henjatunet
Eggjagarden AS, framgår av bekreftelsen kjøparen/gjesten mottek via e-post etter bestilling.
3. PRISAVTALENS GYLDIGHET
Dei avtalte prisar er bindande for begge partar. Prisane er gitt på bakgrunn av dagens avgiftsbestemmelsar. Henjatunet forbeheld seg retten til å føreta justeringar i prisane som fylgje av auka kostnader ved innkjøp av varer og tenester, auka skattar og avgifter eller ved andre høve utanfor Henjatunet Eggjagarden AS sin kontroll.
4. ENDRING OG AVBESTILLING
Kva avbestillingsreglar som gjeld for di bestilling, er avhengig av kva type booking du har gjort. Kontroller kva reglar som gjeld for di bestilling i reservasjonsbekreftelsen du har motteke fra oss. Bestilling av produkt kan endrast eller avbestillast kostnadsfritt fram til avbestillingsfristen som står i reservasjonsbekreftelsen. De vil få skriftleg bekreftelse på avbestillinga.
4.1. GARANTI FOR BESTILLING
Alle bestillingar skal på førehand være garantert gjennom svar på bekreftelses epost.
4.2 AVTALEBOOKINGAR
For bestillingar gjort av kundar med ein avtale med Henjatunet Eggjagarden AS, gjeld bestillings-/avbestillingsreglane som er fastsett i kontrakta.
5. BETALING
Betaling direkte til nettsida eller med Vipps/kort om ikkje anna er avtalt på førehand. Etter avtale kan det betalast etter faktura i etterkant.
5.1 KREDITTKORT
Henjatunet Eggjagarden AS aksepterer betaling med kort frå fylgjande kredittkortselskap: Visa, MasterCard, American Express og Eurocard. Dette
gjeld òg for bestilling via våre nettsider.
5.2 FAKTURERING
Fakturering skal vera avtalt på førehand, i forkant av selskapet.
6. PERSONVERNERKLÆRING
Sjå eiga side for Henjatunet Eggjagarden AS si personvernerklæring.
7. FORCE MAJEURE
Henjatunet Eggjagarden AS påtek seg ikkje ansvar og vil ikkje betale erstatning der leveranse av våre tenester og forpliktelsar vert hindra eller vert påvirka direkte eller indirekte av eller som resultat av force majeure. Dette gjeld også omstende utanfor vår rimelege kontroll. Inkludert, men ikkje avgrensa til, flom, jordskjelv, ekstreme ugunstige forhold, naturkatastrofar, terrorhandlingar, brann eller svikt i elektrisk kraft, gass, vatn eller andre brukstenester, anleggsmaskiner, datamaskiner, kjøretøy eller kollaps av bygningskonstruksjonar.
8. REKLAMASJON
Reklamasjon kan skje seinast to år etter at kjøpar overtok varen.
9. VERNETING
Alle tvistar som måtte oppstå mellom partane i denne avtalen, (gjesten og Henjatunet Eggjagarden AS), skal behandlast etter norsk rett. Dersom ikkje tvisten vert løyst i minnelegheit, kan kjøparen ta kontakt med Forbrukertilsynet for mekling. Forbrukertilsynet er tilgjengelig på telefon 23 400 600.
10. GENERELLE BETINGELSER
Det vert for øvrig vist til dei generelle betingelsane som kjem fram på bookingbekreftelsen.