News

  • Gardsbutikken i Henjatunet

    Dette er ei vidareføring av fruktbua som for mange år sidan vart brukt til å la forbipasserande sambygdingar få tilgang til frukta frå Eggjagarden. Her kunne ein ta med seg frukt og legga pengane i eit Norgesglas. I vår digitale kvardag, er det ikkje så mange som går rundt med småpengar i lomma lenger. Derfor har me lagt opp til bestilling i den digitale butikken, der ein betaler med vipps, og henting i den fysiske butikken, som altså er denne vesle bua. Dette kan ein frå i dag gjera med både eplejuice og  middag, alt etter tilgang. Utvalet vil vera synleg i nettbutikken. Dersom du tingar tysdag, vil me levera varene onsdag. Du får ein epost når varene er klar til henting.
  • Onsdagsmiddag frå Henjatunet

    Hent deg ein middag! Ta det litt rolig ein dag i veka og få middagen fiks ferdig frå Henjatunet. Du bestiller i Gardsbutikken på nett, kva som er a...
  • Henjatunet på nett

    Henjatunet tek no eit steg vidare og blir digitale! Det betyr mellom anna at du når som helst kan besøka oss på sida vår, sjå kva me held på med for tida og kanskje bestilla ein middag på ein ledig dato. 

    Du kan òg handla i gardsbutikken vår, ein butikk der du finn varene på nettsida og hentar dei i den vesle bua vår øvst i tunet, nett under Henjahaugane Barnehage.