Middag på Henjatunet
Middag på Henjatunet
Middag på Henjatunet
  • Last inn bildet i Galleri-visningsprogrammet, Middag på Henjatunet
  • Last inn bildet i Galleri-visningsprogrammet, Middag på Henjatunet
  • Last inn bildet i Galleri-visningsprogrammet, Middag på Henjatunet

Middag på Henjatunet

Me ønskjer å ha mest mogeleg lokale og økologiske råvarer og å følgja årstidene. Ofte veit me ikkje kva me får tak i før like før selskapet. Derfor presenterer me vanlegvis ikkje menyen før gjestene sit ved bordet. Då er det viktig at me på førehand veit om det er matomsyn som allergiar eller intoleransar hos nokon av gjestene. I spesielle høve, som til dømes konfirmasjon eller bryllup, kan me møtast på førehand å diskutera meny saman med kokken.

Me har både to rettars middagar òg "finare" menyar med tre eller fleire rettar. Sentrale råvarer er lammekjøt, grønsaker, poteter, frukt og bær. Fisk og vilt er òg aktuelt å servera når me har høve til det. Me plukkar ut gode vinar som passar til maten. Øl frå vårt lokale bryggeri er sjølvsagt alltid tilgjengelig. Og som alkoholfritt alternativ er det ingenting som slår vår eiga eplesaft.
Tre rettar kr 700, to rettar kr 550. Minimum 10 personar. Mottaking kring grua ute og velkomstdrikk er inkludert.