Vi tek i mot store og små grupper for omvisning. Det er gode parkeringstilhøve for 1-2 bussar. Under omvisninga vil ein få sjå døme på eitt av dei etter kvart få attverande klyngetuna på Vestlandet som framleis har aktiv jordbruksdrift. Vi kan vise korleis ein tradisjonell Vestlandsgard driv med sau og frukt, både moderne driftsformer og korleis drifta har vore i den nære fortida opp til i dag. Under omvisninga vitjar vi gravhaugane rett ovafor tunet der vi fortel litt om historia til gardane i tunet. Vi avluttar omvisninga med servering av smaksprøver på heimebakt lefse og eplecider eller eplejuice som er laga på garden.
Prisar for omvisning av grupper inkludert smaksprøve:
-
Minimumsgruppe 10 personar: kr 2000,-
-
10 til 30 personar: kr 200,- per person
-
30 personar og oppover; kr 190,- per person