Velkommen til Henjatunet
Henjum er eitt av dei fire opphavelege tun i Leikanger med historie frå før vikingtida.Tunet ligg omkransa av gravhaugar på eit lite platå 100 meter over Sognefjorden. Det er spor av busetnad på Henjum 2000 år tilbake. Tunet har hatt ei eiga stavkyrkje, og tal bruk har variert mellom 12 og 15 opp gjennon åra med opp til 100 hus. Tunet ber framleis preg av å vere eit klyngetun. I dag er det 6 bruk som driv aktivt jordbruk med kombinasjonsdrift sau og frukt. Tidlegare var det eit allsidig jordbruk med sau, gris, høns, geit, ku og hest. Serverings- og møtelokalet er i ei tømra sperrestove frå 1765.
Vi fyrer gjerne i grua og får den rette stemninga. Inne er borda er dekka til fest og her tar vi berre eitt selskap om gongen, kvart selskap får sitt eige opplegg og blir ikkje forstyrra. Vertskapet fortel gjerne om stova og historier om garden. I hovudrommet kan vi servere inntil 40 personar. I tillegg er det eit mindre rom og garderobe med toalett.
Vi har alle rettar for servering til slutta lag.
Omvisning
På Henjatunet kan du få omvisning og få vite meir om tunet og gardane, både historiske detaljar og korleis ein driv slike gardsbruk i dag.
Servering
Middag på Henjatunet passar i mange høve. Har du ei feiring i familien, ønskjer du å samle venner til eit godt måltid eller skulle du invitert kollegaer på ein god middag? Legg gjerne selskapet til Henjatunet!