Henjatunet

 
LightWEB
LightWeb
 

Velkommen til Henjatunet

______________


Henjum er eitt av dei fire opphavelege tun i Leikanger med historie frå før vikingtida.Tunet ligg omkransa av gravhaugar på  eit lite platå 100 meter over Sognefjorden. Det er spor av busetnad på Henjum 2000 år tilbake. Tunet har hatt ei eiga stavkyrkje, og tal bruk har variert mellom 12 og 15 opp gjennon åra med opp til 100 hus. Tunet ber framleis preg av å vere eit klyngetun. I dag er det 6 bruk som driv aktivt jordbruk med kombinasjonsdrift sau og frukt. Tidlegare var det eit allsidig jordbruk med sau, gris, høns, geit, ku og hest. Serverings- og møtelokalet er i ei tømra sperrestove frå 1765.

Vi fyrer i den gamle vedkomfyren og får den rette stemninga og god varme. Borda er dekka til fest og her tar vi berre eitt selskap om gongen, kvart selskap får sitt eige opplegg og blir ikkje forstyrra. Vertskapet fortel gjerne om stova og historiar om garden. I hovudrommet kan vi servere inntil 40 personar. I tillegg er det eit mindre rom , og garderobe med toalett.
Vi har alle rettar for servering til slutta lag.

Vertskapet

______________


Henjatunet er ei familiebedrift, og som vertskap møter du Marit, Inga, Halvard, Sigurd eller Roar, som er ein god ven av familien.

 

Serverings og møtelokale

______________

Serverings- og møtelokalet er i eit restaurert tømmerhus frå 1765 (slik så lokalet ut omlag 1880). Vi fyrer i den gamle vedkomfyren og får den rette stemninga og god varme. Borda er dekka til fest og her tek vi berre eitt selskap om gangen, kvart selskap får sitt eige opplegg og blir ikkje forstyrra. Vertskapet ynskjer velkommen ute rundt grua i eldhuset og fortel om stova. I hovudrommet kan vi servere inntil 40 personar. I tillegg er det eit mindre rom "Karibesta-stova"), og garderobe med toalett. Vi har alle rettar for servering til slutta lag.

Eggjastova har vist seg å vere populær for mange typar arrangement som julebord, bursdagar, dåp, bryllaup og konfirmasjonar. Mange lag og organisasjonar har valt å leggje ein møtekveld i Eggjastova. Om ønskjeleg kan vi legge inn aktivitetar som fakkeltur til gravhaugane, ein tur i siderkjellaren, tradisjonell ølbrygging, saftpressing, sviing av smalahove, køyretur med hest.
Vi kan òg tilby møte- og seminarlokale. Prøv eit dagsseminar i ei tømmerstove som "pustar naturleg", og samanlikn med korleis du føler deg etter å ha vore i eit moderne kontorlokale! Til disposisjon i lokala står flip-over og lysarkframvisar.



Servering

______________

Vi har ein litt spesiell vri når der gjeld val av meny: menyen er ei overrasking. Du kan sjølvsagt kome med ønskje om "fisk" eller "kjøt" - men vi ser helst at det er kjøkkensjefen vår som set saman måltidet ut frå den standarden du ønskjer.

Vi baserer seg på lokale - og i størst mogeleg grad økologiske- råvarer og tradisjonell bruk av desse i kombinasjon med moderne matkunst. Det vanlegaste er 2-rettars middagar, men vi har òg "finare" menyar med 3 eller fleire rettar. Som ein raud tråd i serveringa går produkta garden leverer; lammekjøt, frukt, bær og urter frå eigen hage.

Døme på meny:

  • Laksecarpaccio, lammelår, eplesorbèt og Crème Brulèe
  • Jordskokksuppe, lammefilet, vaniljeiskrem og friske bær
  • Henjatunet sin lammefrikassè og lakrisiskrem og friske plommer 



Frukthagen

______________



Ei vandring ned i frukthagen gir flott utsikt over bygda og fjorden. I hagen er det mange ulike sortar av eple, pære, plomme og druer. Dei eldste trea er meir enn 100 år gamle.


 


Omvisning

______________

Vi tek i mot store og små grupper for omvisning. Det er gode parkeringstilhøve for 1-2 bussar. Under omvisninga vil ein få sjå døme på eitt av dei etter kvart få attverande klyngetuna på Vestlandet som framleis har aktiv jordbruksdrift. Vi kan vise korleis ein tradisjonell Vestlandsgard driv med sau og frukt, både moderne driftsformer og korleis drifta har vore i den nære fortida opp til i dag. Under omvisninga vitjar vi gravhaugane rett ovafor tunet der vi fortel litt om historia til gardane i tunet. Vi avluttar omvisninga med servering av smaksprøver heimebaka lefse, og eplecider ellereplejuice som er laga på garden.

Prisar for omvisning av grupper inkludert smaksprøve (2014):

  • Minimumsgruppe 10 personar: kr 1600,-
  • 10 til 30 personar: kr 160,- per person 
  • 30 personar og oppover; kr 150,- per person 

I fruktsesongen er det mogeleg å kjøpe eple, pærer og plommer i kasser eller i lausvekt. Kom innom for å smake!



 


Vandring

______________



Vi går turen som dyra på garden har gått utallige vårar frå tunet og fram til den gamle stølen Dalhjella i Henjadalen. Turen går langs grusveg ved Henjaelva med ei bratt stigning dei 200 siste metrane opp til stølen. Turen er om lag 4 km lang og tek 3 til 3,5 time. Ved stølen vert det ei enkel servering med lefse og cider. Vertskapet formidlar historie og kultur.


 


Fruktpressing

______________

Henjatunet, Eggjagarden har eiga fruktpresse, og lagar eplepress/juice og cider av eigen epler. Eplepress er laga av garden sine eple, pasteurisert og tappa i 5 liters kartongar.

Pris 5 liters kartong: Kr 200,-

Det er høve til å pressa eige epler. Leigepressing: Kr 10.- pr liter.

Ynskjer du å kjøpa råsaft? Kr 12,- pr liter.


 
Henjatunet Eggjagarden

______________

Kontaktperson: Marit Henjum Halsnes

Adresse: Henjum, N-6863  Leikanger

Telefon: +47 57 65 40 14

Mobil: +47 41 51 17 74

E-post: post@henjatunet.no


 

© LightWeb