Onsdagsmiddag frå Henjatunet

Hent deg ein middag! Ta det litt rolig ein dag i veka og få middagen fiks ferdig frå Henjatunet.

Du bestiller i Gardsbutikken på nett, kva som er aktuelt denne veka ser du på Instagram, der me prøver å oppdatera deg i god tid, slik at du har tid til å planlegga.

Så får du ein bekreftelse og eit tidspunkt for henting på epost.

Maten hentar du i bua øvst i tunet, rett under Henjahaugane Barnehage. Når det passar for deg, og ikkje seinare enn tysdagen i veka etter, leverer du tilbake emballasjen på samme stad. 

Enkelte dagar og enkelte rettar er så populære at me blir utselde. Det får me ikkje gjort noko med, men prøv gjerne igjen neste gong. Og det kan vera lurt å vera raskt ute med bestilling om du vil vera heilt sikker på å få.

Er du litt ekstra begeistra for Henjatunet og/eller middagen vår, kan du bli venn med oss. Vener av Henjatunet får 10% rabatt på middagen. Det einaste du forpliktar deg til er å ha ein intensjon om å kjøpa middag minst to gonger pr månad. Du bestiller som vanleg kvar gong du vil ha middag og vel "vennepris" når du betaler. Er du allerede abonnent, og ønskjer å bli venn, treng du ikkje gjera noko. Er du ikkje abonnent, men ønskjer å bli venn, så send oss ei melding på Instagram eller SMS.