Kva skjer på Henjatunet no?

Me er alt komne langt ut i det nye året og det går endeleg mot lysare tider på fleire måtar. Henjatunet har hatt rolege dagar og ser fram til at det blir meir aktivitet framover.

Førebels har me valt å ta pause frå onsdagsmiddagen, av ulike grunnar. Nokre av dykk har sakna denne og det er fint for oss å vita. Det betyr at me har treft eit behov og at det er interesse for konseptet.

 

Me vil  få minna om at det går an å bestille Henjatunet sin mat heim om ein ønskjer å stelle til festleg lag heime og sleppe å lage maten sjølv. Du finn produktet på sida vår her: https://henjatunet.no/collections/serverin/products/henjatunet-heim

I gardsbutikken vår på nett, kan du også bestilla den gode eplejuicen vår:

https://henjatunet.no/collections/butikk

Nye prosjekt er på trappene, mellom anna har me blitt tildelt støtte frå kommunen, noko me er svært takksame for. Det vil nok komma meir informasjon på nettsida om dette etter kvart!

 

Så ver hjarteleg velkomne innom – både på nett og framover også fysisk etter kvart som livet normaliserer seg!

 

Helsing frå oss i Henjatunet!