Gardsbutikken i Henjatunet

Dette er ei vidareføring av fruktbua som for mange år sidan vart brukt til å la forbipasserande sambygdingar få tilgang til frukta frå Eggjagarden. Her kunne ein ta med seg frukt og legga pengane i eit Norgesglas. I vår digitale kvardag, er det ikkje så mange som går rundt med småpengar i lomma lenger. Derfor har me lagt opp til bestilling i den digitale butikken, der ein betaler med vipps, og henting i den fysiske butikken, som altså er denne vesle bua. Dette kan ein no gjera med både middag og eplesaft, alt etter tilgang. Utvalet vil vera synleg i nettbutikken. Dersom du tingar tysdag, vil me levera varene onsdag. Du får ein epost når varene er klar til henting.