Førjulskveld i Henjatunet

Det er enno lenge til jul, men ting må planleggast om det skal bli noko av. Derfor vil me alt no minne deg om førjulsmenyen i Henjatunet. Om du saman med vener, kollegaer eller familie planlegg å møtast for eit godt måltid i førjulstida, er kanskje dette det du treng. Ei stemningsfull samling rundt bålet i grua, der knitringa frå den tørre bjørkeveden blandar seg med med summinga av stemmene til glade og forventningsfulle gjester. Frå kjøkkenet kjem herlege lukter av dampa lammebog og i glaset har du varm, krydra eplegløgg. Inne i stova er det fyrt opp i vedovnen og borda er dekka til fest. 

Du vil få servert salta, tørka og dampa lammebog frå Vikja, Haugen Gardsmat sine pølser og vår eigen rotmos, med mellom anna jordskokk. Til dessert er det fløytepudding og den friske purèen av Aromaeple. Gode vinar og lokalt øl kan du få servert til, hvis du ikkje heller vil ha vår eiga eplesaft.

Ver hjarteleg velkommen om du vel Henjatunet for førjulskvelden din!