Henjatunet på nett

Henjatunet tek no eit steg vidare og blir digitale! Det betyr mellom anna at du når som helst kan besøka oss på sida vår, sjå kva me held på med for tida og kanskje bestilla ein middag på ein ledig dato. 

Du kan òg handla i gardsbutikken vår, ein butikk der du finn varene på nettsida og hentar dei i den vesle bua vår øvst i tunet, nett under Henjahaugane Barnehage.

Denne satsinga er eit ledd i tilpasninga vår til smittesituasjonen i samfunnet, der meir avstand og kontaktlaus handling er eit verkemiddel for å redusera smitte.

Gjennom Innovasjon Norge har Henjatunet fått midlar til denne og andre satsingar for å komma betre ut av koronapandemien.